Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein tweet frå ei irsk jente var det som skulle til for å utløyse det som er blitt Tysklands store metoo-sak.

Rammstein og jentene

Historiene som verserer om Rammstein-songar Till Lindemann fekk meg til å tenkje på Oscar Wildes roman «Bildet av Dorian Grey». Der utfører hovudpersonen stadig mørkare ugjerningar. Men ingen trur det, fordi han er så slåande vakker. Heime på veggen har Dorian Grey eit portrett som for kvart nye brotsverk blir stadig meir grotesk. Till Lindemann er under etterforsking for eit ukjent tal seksualforbrotsverk. Bileta som illustrerer sakene om Rammstein-songaren ser ut omtrent slik eg førestiller meg at portrettet på veggen til Dorian Grey må ha sett ut mot slutten. Det som fram til nyleg var upletta hos Lindemann, var ikkje hans ytre, men hans namn og rykte.