Forståeleg at Aftenposten siste tida har hatt tekster om dei skeive. Men – kvifor nyttar dei ‘skeive’ kun om personar, ‘skjeve’ elles om gjenstandar og tilstandar? Har dei eit slags vedtak om å operera med to separate ord? Ordbøkene for bokmål og nynorsk gjer ikkje dét; dei har eitt oppslag, i nynorsk skeiv , i bokmål skeiv/skjev (valfritt) – anten det er menneske, bygningar, ganglag osv. Aftenposten overraskar, ‘skjev’ er jo den konservative forma, ‘skeiv’ den folkelege – og nynorske.
Dårleg reklame for eit forlag å ikkje ha kontroll på språket.
Skeivt ut
Språket