Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det strøymer stadig på med nye eldre kvinner inn i den same blindgata.

Spør oss då vel!

På nittitalet sende helsestyresmaktene ut eit spørjeskjema til alle vaksne kvinner der det mellom anna skulle svarast på kor mange «brødskiver» me åt og kor mange kilometer me «spaserte» kvar veke. Eg grunda ein del på korleis eg skulle omsetja ris til brød, og sykling, dansing og riding til ­spasering. Så heiv eg skjemaet i papirkorga og skreiv i staden eit personleg brev til undersøkingskommisjonen. Dessverre kom heller ikkje det av garde, men eg hugsar at eg skreiv at det einaste helseproblemet mitt var mor mi.