Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samankoplinga av det biletlege med det konkrete løfter dikta til Jon Ståle Ritland.

I hjernehimmelen

Illustrasjon: Ottavio Beltrano/Wikimedia Commons

I lys av dei siste åras interesse for miljøspørsmål, er det ikkje til å undrast over at me har fått mange bøker om tilhøvet mellom mennesket og naturen. Her tenker eg då på romanar og diktsamlingar om miljøøydeleggingar, til dømes. Men ut av denne interessa har det òg vokse ein litteratur som er meir filosofisk til sin natur, og stiller dei heilt store spørsmåla om tilhøvet mellom mennesket og verda ikring.