Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Solsnu

Sola har snudd. Det er berre noko vi seier, men det betyr at her på den nordlege halvkula av jorda går vi mot mørkare tider. I Oslo går sola ned kvart på elleve i kveld, og så står ho opp att litt før klokka fire. Sommaren er altså ikkje lenger berre full av lys forventning, men ber no også i seg den melankolien som i slutten av august har teke heilt over.