Paal Frisvold, MDG, svarar i avisa 6. juni på innlegget mitt av 27. mai. Svaret til Frisvold styrkar påstanden min om at unionistane ikkje set folkestyre og demokrati i høgsetet. Norge vert i Frisvold sitt innlegg redusert til eit område med lokalstyre, eit lokalstyre som må finna seg i overnasjonal, politisk styring. Han gjer eit poeng av at me som medlem av EU ville få delta i politiske diskusjonar og høyringar, og han skriv at den moglegheita er me fråteken i dag. Fråteken, Frisvold? Det norske folket har ved to folkerøystingar sjølv vald å ikkje vera medlem i unionen, det var ein siger for demokratiet, ikkje eit tap. I dag må me som ein konsekvens av EØS-avtalen akseptera at EØS-relevant EU-lov har forrang for norsk lov, ved eit medlemskap ville all EU-lov ha forrang om EU vil det slik.