Elevar med eit anna morsmål enn norsk har rett på morsmålsopplæring om det er nødvendig. Men om dei får det, er i stor grad avhengig av kor dei bur, viser tal frå grunnskolens informasjonssystem.
Medan 1200 elevar får morsmålsopplæring i skulen i Bergen, får nesten ingen i Oslo det. Lærar Maria Skarsbø Moen vil at fleire skal få undervisning på sitt eige språk.