Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Helge Torvunds nye dikt er prega av sannfølt sansing og biografisk pregnans.

Halde fast

RYTME OG PUST: Helge Torvund plasserer dikta sine i jærlandskapet på Ogna. FOTO: TOMMY ELLINGSEN

Det finst eit stort publikum for lyrikk i Noreg. Men det blir bare aktivert når det dukkar opp dikt som på ein ukunstlete måte kommuniserer med lesaren. Dette behøver absolutt ikkje vera dårlege dikt, jamfør Brynjulf Jung Tjønns enorme suksess med fjorårets «Kvit, norsk mann». Ein som alltid har balansert kvalitet med lesbarheit, er Helge Torvund. Han debuterte så tidleg som i 1977, og har heile tida vore på radaren for dei som er in the know , men fekk sitt verkeleg store gjennombrot først i 2016, med «Alt brenner».