Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Daniel Goldhaber vil flytta det moralske tyngdepunktet i klimadebatten, men han vil ikkje kalla «How to Blow Up a Pipeline» for aktivisme.

– Sjølvforsvar er ikkje vald

Farleg mann? Daniel Goldhabers film «How to Blow Up a Pipeline» har vorte møtt med sterk interesse frå valdsmakta i USA. Foto: Tom Henning Bratlie

D et er som om venstresida ønskjer å sitja fast i ei hengjemyr av elende og endelause atterhald, seier ein engasjert filmskapar, Daniel Goldhaber, når han blir konfrontert med at økothrilleren «How to Blow Up a Pipeline» omgår spørsmål om risiko for andre enn dei involverte oljesabotørane.