Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den islandske litteraturen blømer når banda til utanlandsk kultur blir styrka.

Over grensene

Nye stemmer: Pedro Gunnlaugur Garcia, Natasha Stolyarova Ewa Marcinek endrer den islandske litteraturen. FOTO: REYKJAVIK INTERNATIONAL LITERARY FESTIVAL

Ein prestisjetung islandsk litteraturpris blei utdelt på presidentens residens Bessastaðir 24. januar. Prisen for det siste årets beste skjønnlitterære verk gjekk til Pedro Gunnlaugur Garcia for hans store roman «Lungu» (Lunger). Det er ein fargerik generasjons- og familieroman, ei stad- og tidsreise heilt frå Toscana ved byrjinga av den første verdskrigen til framtidas Reykjavik i 2089. Pedro er fødd i Lisboa i 1983, med islandsk mor og portugisisk far, og er for det meste oppvaksen på Island. Hans første roman, «Málleysingjarnir» (Menneska utan språk) kom ut i 2019 og vekte oppsikt, mellom anna på grunn av skildringane av unge menneske som prøvar å finne seg til rette i fiendtlege omstende; også den utspelar seg i fleire land.