Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Motspelar

Eg elskar bomringen! ropte Lan Marie Nguyen Berg til MDGs landsmøte i 2019. På det tidspunktet gjorde Bompengepartiet FNB det eksepsjonelt bra på målingane, og MDG ville ikkje vere dårlegare. Dei kapitaliserte godt som den polariserande motstandaren til det nye protestpartiet og gjorde sitt beste val nokosinne. I kommunevalet fekk MDG 6,8 prosent av stemmene. Enda betre gjorde dei det i fylkestingsvalet, der dei fekk 7,6 prosent.