Mor og sønn
(«Un petit frère», Frankrike, 2022) Regi og manus: Léonor Serraille Drama, 1t. 56min., kino
I 1989 kjem den unge mora Rose (Annabelle Lengronne) til Frankrike med dei to sønene Jean (10) og Ernest (5). Ho har brote opp frå Elfenbenskysten, der ho har «sett att kofferten med sine eigne vonbrot», som den vaksne Ernest fortel oss retrospektivt på lydsporet.