Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det var rørande semje på raud-grøn side om at sjølvforsyninga må opp før valet. Kva skjedde?

Jordbruket og dei tre musketerane

GOD STEMNING: Nils Kristen Sandtrøen (Ap), Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og Geir Pollestad (Sp) snakka klårt og tydeleg om matforsyning i valdebattane i 2021, men så langt har ingen sett nokon opptrappingsplan for å auke sjølvforsyninga, skriv forfattaren. Foto: Anniken C. Mohr

Jordbrukstingingane handlar om dei inntektene som skal vera oppnåelege for bøndene, i form av prisar og tilskot. Men jordbrukspolitikken som Stortinget vedtek, handlar om kva slags matforsyning Noreg skal ha til ei kvar tid. No dreg jordbrukstingingane og jordbrukspolitikken i kvar si retning. Det er kjernen i konflikten som har oppstått mellom staten og faglaga, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.