Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit intenst drama som syner at bak krigens helvete, er det heilt vanlege menneske det dreier seg om.

Folka bak krigen

Intenst: Trass i krigens fiendskap kan det utvikle seg både skjebnefellesskap og sterke kjensler. Foto: Magnus Skrede

Få bomme en

Teater Innlandet, Hamar

Av: Daria Glenter

Regi: Fredrik Longva

Scenografi og lys: Norunn Standal

Kostyme: Solveig Holthe Bygdnes

Komponist og lyd: Amund Ulvestad 

Daria Glenter er ein norsk-russisk dramatikar. Alt som nittenåring fekk ho i 2015 forsøke seg i Trøndelag Teaters «Unge dramatikere» med den vesle einaktaren «Uten», ei mørk og annleis kjærleikshistorie. Fire år etter sette ho opp lesestykket «Ring, ring, ring», og i 2020 fekk ho oppført sitt første heilaftans drama, «Et helt liv av sol». Etter det har ho mellom anna vore husdramatikar på Teater Innlandet.