Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noter

Metallicas nyaste plate , «72 Seasons», er den fyrste av bandets plater sidan 1988 til å ikkje toppa Billboard-lista, ifølgje Pitchfork. Countrysongar Morgan Wallen held stand på topp.

Rettssaka mellom Ed Sheeran og Marvin Gaye er i gang i New York. Okei, det var ei veldig tabloid forenkling – det er ikkje Gaye himself som har saksøkt briten, så klart, men etterkommarane til Ed Townsend – medforfattar på klassikaren «Let’s Get It On» frå 1973. Sheeran er skulda for å ha kopiert delar av songen til sin eigen gigahit «Thinking Out Loud» frå 2014. Sheerans advokatar meiner derimot at akkordprogresjonane er såpass vanlege at det ikkje er mogleg å snakka om kopiering eller tjuveri. Sheeran vann førre gong han var i retten for låtlikskapar – då gjaldt det «Shape of You» frå 2017. Korleis går det no, tru?

Det er snart gått eit år sidan ABBAs avatar-show «Voyage» hadde premiere i London på den spesialbygde Abba Arena. Over ein million menneske har sett showet (show? konsert?) til no, ifølgje The Guardian. «That means it’s been almost chock-a-block full every night which is fabulous», seier Björn Ulvaeus til avisa. FF