Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På vei opp

Kven?

Ayra Starr – til forveksling likt Arya Stark – er berre 20 år, men har på kort tid blitt ei av dei verkeleg unge, lovande (afro)popstemmene frå Nigeria. Og der skjer det som kjent mykje spennande musiske greier for tida.

Kva?

Afropop, baby, med ein smak av R&B – afrosoul , kallar ho det. Ein naturleg stad å starta er singelen «Rush»: Make you dance like Poco Lee / Steady green like broccoli . Ho har allereie samarbeida med store namn som Kelly Rowland og Wizkid.

Kor?

Debutplata «19 & Dangerous» kom i 2021, men ei rekke nye singlar tyder på at andrealbum ikkje er langt unna. Dessutan er ho booka til både Bergenfest og Øya i sommar, for dei som vil sjå kedegåri i levande live. FF