Inn ei dør, inn eit rom, gjennom ein gang, opp ei trapp, gjennom eit rom, bak ei dør, og inst i eit strigla seminarrom sit ho, Susanne Sundfør, vakta som ein nasjonalskatt av folka på Warner. Ho ser ut som ein nasjonalskatt òg, kan ein hevda: smilande, ei kremkvit silkeskjorte, perlesmykke, gullringar på fingrane. Folka rundt ho verkar hakket meir stressa enn Sundfør sjølv. Er pressetrykket stort, internasjonalt òg?
Susanne Sundfør grev djupt etter røter på nye «Blómi» – og prøvar å finna ut av ei åndeleg lengt.