Noia
Gisela
Cascine
Katalanske, Brooklyn-baserte Noia – aka Gisela Fullà Silvestre – er ein lydnerd. Ho er utdanna i arrangering og produksjon frå Berklee, og har jobba med lyddesign og filmmusikk. Og på dette vesle, vakre debutalbumet fylt av elektr(on)isk samtidspop får ho verkeleg utfalda seg. Noia (katalansk for «jente») vekslar mellom spansk, katalansk, engelsk og portugisisk. Det er lett å ropa på bysbarnet Rosalía, men ho kan minna vel så mykje om housemusikar Sofia Kourtesis. Eller ei mild, katalansk Björk.