For to år sidan, før straumprisane gjekk heilt bananas, hadde kommunestyret eg er medlem av ein aldri så liten diskusjon om temaet. Som medeigar av Lyse-konsernet skulle me behandla ny eigarstrategi; ei behandling som viste seg å vera rein sandpåstrøing. Det var slett ikkje meininga at kommunestyret faktisk skulle meina noko om styringa av selskapet kommunen eig, og ikkje var det vilje til det blant fleirtalet heller. Då eg drista meg til å nemna at me ikkje berre burde vera opptatt av høgast mogleg avkasting og dermed inntekter til kommunekassa, men også straumprisane innbyggarane må betala, var det lite respons i salen. Berre ein Frp-representant tok ordet: Var folk misfornøgde med straumprisen, burde dei heller bytta straumleverandør, meinte han.
Kampen om samfunnsmakta er avhengig av aktive innbyggarar.
Kunden tar alltid feil
Fokus