Arbeidet med skipet Johan Castberg er lagt ned. Om lag 1900 arbeidarar er tekne ut i streik ved Aker Solutions-verftet i Leirvik på Stord, som òg arbeider med utsleppsprosjektet Equinor har i Øygarden.
Det er dei tilsette i industrien som har musklane, seier verfttillitsvald. Han meiner det er på tide med eit lønsløft.