Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rebecca Kjellands nye bok lèt seg best lese utan streng systematikk.

Trekkfulle dikt

Midt i mars og minus 10. Døra går opp og igjen på kafeen der eg sit og les Rebecca Kjellands «Vinterkorn og vårtunger», ei samling prosadikt om eit forhold som blømer og visnar. Trekken smyg seg inn, kulden kryp inntil marg og bein. Når eg ser ut vindauget, er det som å sjå på ein vårdag, var det ikkje for vottane, huene, skjerfa som sit stramt over hender, hovud og hals. Det kjem eit snødryss, anten frå himmel eller hustak: Våren rekkjer tunge og stikk av, vinteren blir att.