Twitter-eigar Elon Musk klistra merkelappen «statlege media» på Twitter-kontoane til NPR (National Public Radio) og BBC. Twitters state-affiliated media- merking skal åtvara brukarar mot statleg propaganda. I tillegg til at stempelet konkret minkar synlegheita til kontoane på plattforma, set det dei høvesvis amerikanske og britiske allmennkringkastarane i same Twitter-bås som russiske RT (Russia Today) og kinesiske Xinhau.