Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Underhaldande, men overflatisk kontorkomedie om Nikes jakt på Michael Jordan.

Medaljens framside

Salsmann: Matt Damon som sponsorseljar Sonny Vaccaro hos skoprodusenten Nike i 1984. Foto: Warner Bros

Air

(USA, 2023) Regi: Ben Affleck Manus: Alex Convery Dramakomedie, 1t.50min., kino

Profesjonell idrett er big business . Det har aldri vore nokon løyndom i USA, der populære idrettar som basketball er investeringsobjekt heilt ned på juniornivå, og spelarane reklameplakatar for sponsorar. Amerikanske sportsfilmar er også ofte til forveksling like idealiserte forteljingar om å lukkast i forretningslivet fordi du har beste ideen.