Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kerstin Ekman gjev ny substans til «nordisk noir».

Tung valdsarv

Uvitande: Læraren Annie (Asta Kamma August) og dottera Mia (Alva Adermark) flyttar til skogsbygda Svarttvatnet på midtsommarkvelden 1973. Det blir ei uventa lagnadstung livsavgjerd. Foto: NRK

Hendelser ved vann

(«Händelser vid vatten», Sverige, 2023) Regi: Mikael Marcimain Manus: Karin Arrhenius og Maren Louise Käehne etter Kerstin Ekmans roman Krimdrama, 6 delar à 1t., NRK TV og NRK 1 frå 4.april

Den mest interessante påskekrimmen i år er filmatiseringa av Kerstin Ekmans nyklassikar «Hendelser ved vann». Boka fekk både den svenske Augustprisen og Nordisk råds litteraturpris i 1993. Tretti år seinare har Mikael Marcimain og SVT våga seg på ei serialisering med eit stjernelag av svenske skodespelarar.