Inga verd for unge idealistar
Barnetru og religiøs makt står mot kvarandre i ein velskrive thriller.

Boy from Heaven
(Sverige, 2022) Regi og manus: Tarik Saleh Thriller, 2t.06min., Kino
Den fromme fiskarsonen Adam (Tawfeek Barhom) er den første i ein fattig familie til å ta utdanning – og ikkje kor som helst. Landsbyimamen har sytt for at den gåverike guten har fått plass ved Al-Azhar-universitetet i Kairo. Verdas største islamske universitet har eksistert i over 1050 år og er enno ein av dei mest autoritative institusjonane i sunniislam. Difor skapar det panikk – både blant teologisk rivaliserande lærarar og i den egyptiske tryggingstenesta – når den gamle storimamen ved Al-Azhar døyr på starten av studieåret. Dødsfallet løyser nemleg ut eit nyval, som er omkransa av like mange intrigar som pavevalet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent