Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fysisk, absurd, humoristisk og til ettertanke, men ikkje minst to unge, lovande debutantar.

Trekkfugl på veg ut

FUGLEKASSE: Mor og dotter, to eksotiske fuglar, og den eine meir trekkfugl enn mora liker. FOTO: Eilif Fjeld

Eksotisk dans

Trøndelag Teater, ­Studioscenen

Av Anna Renolen

Konsept: Kristins­dottir/Willyson

Regi og kostyme: ­Hildur Kristinsdottir

Med: Emma ­Bustnes, Emil Olafsson og ­Madalena Sousa Helly-Hansen

Frå 2012 og seks år framover hadde Trøndelag Teater og Kjernehuset ved Rita Abrahamsen ei samarbeidssatsing dei kalla «Unge dramatikere». Ungdom mellom 13 og 19 blei invitert til å levere tekstskisser, og kvart år blei nokre vald ut, fekk regi- og dramaturghjelp, før tekstane blei sette opp som små einaktarar med profesjonelle skodespelarar. Det var spennande å sjå kva som opptok dei unge for resultatet var mykje eksistensielt og ganske svart. Men prosjektet har også bore konkrete frukter i ettertid. Både Ibrahim Fazlic og Daria Glenter, i dag etablerte dramatikarar, var blant dei som fekk prøve seg. Då Trøndelag Teater laurdag hadde urpremiere på «Eksotisk dans», var det duka for nok ein heilaftans dramatikardebut med bakgrunn frå «Unge dramatikere».