Eg kjente meg enormt igjen og gret mykje, sa Lars Vaular om Runar Gudnasons ferske musikkdokumentar «Eg har ord».
Fysisk, absurd, humoristisk og til ettertanke, men ikkje minst to unge, lovande debutantar.
Trekkfugl på veg ut
MeldingAmund Grimstad
Eksotisk dans
Trøndelag Teater, Studioscenen
Av Anna Renolen
Konsept: Kristinsdottir/Willyson
Regi og kostyme: Hildur Kristinsdottir
Med: Emma Bustnes, Emil Olafsson og Madalena Sousa Helly-Hansen
Frå 2012 og seks år framover hadde Trøndelag Teater og Kjernehuset ved Rita Abrahamsen ei samarbeidssatsing dei kalla «Unge dramatikere». Ungdom mellom 13 og 19 blei invitert til å levere tekstskisser, og kvart år blei nokre vald ut, fekk regi- og dramaturghjelp, før tekstane blei sette opp som små einaktarar med profesjonelle skodespelarar. Det var spennande å sjå kva som opptok dei unge for resultatet var mykje eksistensielt og ganske svart. Men prosjektet har også bore konkrete frukter i ettertid. Både Ibrahim Fazlic og Daria Glenter, i dag etablerte dramatikarar, var blant dei som fekk prøve seg. Då Trøndelag Teater laurdag hadde urpremiere på «Eksotisk dans», var det duka for nok ein heilaftans dramatikardebut med bakgrunn frå «Unge dramatikere».