Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kult(leiar)regissør

Hjernevask på filmsettet

Sam Neill er mest kjent for si rolle i «Jurassic Park», men den newzealandske skodespelaren har vore med på det meste gjennom ein lang karriere. I si komande memoarbok «Did I Ever Tell You This?» deler han også sin mest opprørande arbeidsdag: Under innspelinga av (den nyskilde) Andrzej Żuławskis skilsmåls-psyko-skrekkdrama «Possession» (i 1981 - 36 år før metoo) vart Neill beden om å slå motspelar Isabelle Adjani på alvor. Filmhandlinga involverer spontanabort, utruskap, like blodig sex som mord og – i sentrum av psykosen – eit tentakelmonster som lagar dobbeltgjengarar. Arbeidsforholda på settet var psykologisk på høgd med fiksjonen. Jamvel om Neill minnast Żuławski som ein «kjekk, karismatisk» og visjonær cineast og meiner filmen er «eit meisterverk, rett nok med mange manglar», må han vedgå at han ikkje likte den manipulerande instruktøren, som ofte skreik av full hals til Adjani. Likevel gav begge skodespelarar etter for alle krav. «Jamvel om det får meg til å høyrast ut som eit klassisk valdsoffer, som eg trur vi på eitt vis var, så var det også noko meir enn det. Vi hadde total tillit til han som kunstnar, og vi ville laga dette, kva det no enn var. Vi ville laga noko som var større enn oss sjølve».