Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kapital

I samband med at regjeringa har auka skattane det siste året, så har stadig fleire på høgresida byrja å bruke omgrepet «politisk risiko». Det er eit omgrep frå næringslivet, som investorar brukar for å skildre ulemper som demokratiet kan føre til der dei investerer. Sjølv om det stort sett er demokrati som er på toppen av den internasjonale «ease of doing business»-rangeringa, så er det ikkje alltid næringslivet er så nøgd med det som skjer i eit demokrati.