Petter C. Borchgrevink (Klassekampen 14. mars) er bekymret for hva som skjer med kronikerne i forslaget jeg skisserte 11. mars. Forslaget handler om å bruke mest ressurser på de som trenger det mest. Det kan ikke være å svikte kronikerne. De med kroniske smertetilstander trenger fast oppfølging, ikke et nytt ansikt hver gang de går til legen. Vi er enige.
Sei kva du vil – men skriv «eg»
Sigmund Haug i Bergen meiner i Klassekampen for 20. mars at «no må me her vest få ein person som seier eg .» Difor vil Haug ha den eg -seiande nestleiarkandidaten Hadia Tajik som ny nestleiar i Arbeidarpartiet, i staden for nestleiarkandidaten Tonje Brenna, som jo er jei -seiande. Eg er usamd i argumentasjonen. Det viktige er at Tajik og Brenna syter for å vera folkevalde og tillitsvalde som offentleg og i partiforum skriv eg, at dei så mykje som mogeleg skriv nynorsk, og at dei høgt og tydeleg bed Arbeidarpartiet og Kunnskapsdepartementet om å skriva mykje meir på nynorsk. Tajik og Brenna trengst jo som gode føredøme. For nynorsk er det for lite av, endå det er til for alle, ja anten ein seier noko slikt som æ , je , i , e , jei eller æg om seg sjølv.