Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunsten må setje saker under debatt, ikkje underleggje dei sensur.

Den første kvite mora i verdsrommet

TIL ÆVA OG FORBI: Kunstverket «Carry-On: The First White Mother in Outer Space» FOTO: Steinunn Gunnlaugsdóttir

Det hender nokre gongar at ein synest den vestlege debatten om politisk korrekt språkbruk og kunst kan verke søkt og luksuriøs, om ein til dømes samstundes tenkjer på kvinner, homoseksuelle og transpersonar si stilling i land som Afghanistan og Iran. Og nokre gongar verkar den direkte absurd, som då Christian Kroghs måleri «Leiv Eriksson oppdagar Amerika» frå 1893 nyleg skulle fjernast frå Nasjonalmuseets faste utstilling – ei avgjersle som sidan blei gjort om på. Norske lesarar veit kanskje ikkje at det var ein liknande debatt på Island i fjor, men med ei meir spennande kunstnarisk side. To unge biletkunstnarar, Bryndis Björnsdóttir og Steinunn Gunnlaugsdóttir, sette opp eit verk framfor det såkalla Marshallhuset i Reykjavik, som også rommar moderne kunst. Det såg ut som ein liten rakett som stod parat på utskytingsrampa og skulle bli skoten ut i verdsrommet. Tittelen var: «Tillaten bagasje – den første kvite mora i verdsrommet». Det viste seg at det inne i raketten gøymde seg ei avstøyping av kunstverket «Den første kvite mora i Amerika», ein skulptur som den store islandske kunstnaren Ásmundur Sveinsson laga i 1938 i høve verdsutstillinga i New York året etter.