Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi har ikkje råd til å stenge verda ute

SLEPP DEI INN: Kravet om skolepengar gjør at Noreg blir valt bort av elevar frå land utanfor EØS, skriv forfattarane. Her frå avgangsutstillinga til masterstudentar på Khio. FOTO: KHiO

Som rektorar ved Musikkhøgskolen, Arkitektur- og designhøgskolen og Kunsthøgskolen i Oslo, er vi urolege. Vi har vore det sidan Stortinget i desember, etter forslag frå regjeringa, gjekk inn for å innføre skolepengar for studentar utanfor EØS. Gjennom dei siste månadene har det så blitt rekna i heile universitets- og høgskolesektoren, ut frå instruks frå minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, på kva det vil koste for studentar frå utanfor EØS og Sveits å betale for utdanning i Noreg. Vi har vore nøydde til å rekne fort. Og det blir dyrt.