Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endeleg blir det friminutt, og Rukla kan knusa paraplyen.

Saman på skulen

Elias Rukla står ved kateteret og snakkar om skodespelet «Vildanden» av Henrik Ibsen. Det er lenge sidan gymnaslærar Pedersen og elevane hans gjekk saman i eit heltemodig forsøk på å skapa ei betre verd, og Rukla har berre forakt til overs for den umodne hopen som sit og teier nede på pultane. Til gjengjeld har han stor respekt for Ibsen, og han meiner at han utfører eit viktig arbeid når han preikar i veg for døve øyre, som ein katolsk prest som les messa til Guds ære i ei tom kyrkje.