Nattrikken
(Noreg, 2020) Regi og manus: Eirik Tveiten Drama, 15min., Aftenposten
Etter at «Nattrikken» vann kritikarprisen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad sommaren 2020, har filmen gått sin sigersgang på festivalar i inn og utland, ikkje minst i USA. Eirik Tveiten har laga eit uimotståeleg lite juleeventyr, og den alvorlege tematikken under komikken har berre vorte meir aktuell i kultur- og samfunnsliv sidan premieren. Alt dette talar for at filmen bør ha ein god sjanse til også å vinna Oscar-pris for beste kortfilm søndag kveld.