Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Fordi eg fortener det» får som fortent.

Klokkeklart om tonedøv maktperson

Undertonar: Fetert dirigent Lydia Tár (Cate Blanchett) leiar solistøving med det attraktive, unge talentet Olga Metkina (den verkelge cellisten Sophie Kauer). Foto: UIP

Tár

(USA, 2022) Regi og manus: Todd Field Drama, 2 t. 37 min., Kino

Maestro! Dirigent for Berlin filharmonien Lydia Tár (Cate Blanchett) er vand med å bli tiltala, lydd og oppvarta som den briljante stjerna ho er. Statusen hennar blir utbasunert i den overturelike opninga, der den karismatisk sjølvtrygge kvinna lèt seg intervjua framfor eit stort publikum av The New Yorkers Adam Gopnik (i ei servil utgåve av seg sjølv).