Ingen bjørner
(Khers nist, Iran, 2022) Regi og manus: Jafar Panahi Drama, 1 t. 46 min., Kino
I februar vart Jafar Panahi slept laus etter eit halvt års vilkårleg fengsling i Teheran, og sist veke vart det kjent at den iranske filmskaparen er blant dei nominerte til Nobels fredspris. Det ville vore ein banebrytande kunstnarheider tjue år etter at Shirin Ebadi fekk fredsprisen i 2003. Men så har også Panahi konkretisert innhaldet i Kvinne, liv fridom! før det vart eit slagord, blant anna i Venezia-festivalvinnaren «Sirkelen» (2000) og Berlinale-juryprisvinnaren «Offside» (2006).