Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Songen ved vogga har ein helt spesiell verknad.

Innoversongen

Illustrasjon: Knut Løvås

Like etter at me hadde fått vårt første barn, hadde eg ein dramatisk draum. Eg stod nede i ei dunkel hole som eg opplevde som tilskitna og full av gamle filler og stinkande søle. Eg var på ingen måte aleine, men det myldrande livet eg kunne merka og ana rundt meg og innover i ulike gangar frå holerommet der eg stod, var vage skuggar som rørte seg, ingen kjensle av familie eller slektskap. Meir ei uhygge og ei veksande kjensle av at eg måtte finna ein veg ut av dette. Så fekk eg denne lyse, skinande babyen overrekt, og eg heldt henne i hendene mine. Så dyrebar og vakker! Så minimenneskeleg finskapt! Men ho var glatt av det feittet som vernar fosteret si hud, eit gjennomskinleg lag, som salva av nåde. Og difor svært vanskeleg å halda og ta trygt vare på.