Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Originalar slår an og slår gjennom.

Eksentrikarens tid

WARRIORS AND WEIRDOS: Som Aurora sine fans kallar seg. Foto: Tom Henning Bratlie

Ingen tvilte vel på at Sigrid, Dagny, Astrid S og Emilie Nicolas skulle bli store, dønn solide popartistar som dei er. Men utanfor landegrensene er det ein litt annan type som har vist seg å verkeleg slå igjennom. Aurora og Girl in Red har på kvar sitt quirky vis vakse seg svære på ein måte som er ytst sjeldan for norske artistar: ligaen som speler på Coachella, er oppvarming for Taylor Swift og har utselde stadionkonsertar på fleire kontinent. Begge er dei blitt bilde på inkludering, to ikon for litt forskjellige typar outsiders.