Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utruskap kan handterast på mange vis. Men det vil uansett ha konsekvensar.

Skal eg bli, eller skal eg gå?

Nei, det er ikkje noko kjekt. Du, eller den du er gift med, eller kjærast med, har hatt sex med nokon andre. Du er rasande, eller full av dårleg samvit. Eller du tenker at «no går me frå kvarandre» og har kanskje ikkje dårleg samvit eingong. For det er naturleg å ha, du veit det. Men kanskje har forholdet til kjærasten, eller den du er gift med, skranta ei stund. Og du tenker «ja, ja, det er greitt».