Skodespelaren Sean Penn har vore i Ukraina for å lage dokumentar om Volodymyr Zelenskyj. Dagen før invasjonen for eit år sidan sat Penn i samtalar med den ukrainske presidenten, og sidan har han følgt han tett. Dokumentarfilmen skal ikkje vere noko uhilda journalistisk verk, men ei skildring av det Penn har omtala som det største han har opplevd i livet sitt ved sidan av det å få barn, nemleg å møte personen Zelenskyj og på sitt vis ta del i kampen til ukrainarane.
Krig
Dagboka