![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/e61f5310d29e23e04a30bdae1df00ecde0d89b32-2560x2560.jpg?w=1000&q=75&auto=format)
På vei opp
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/e61f5310d29e23e04a30bdae1df00ecde0d89b32-2560x2560.jpg?w=1000&q=75&auto=format)
Gorillaz har vore med på å normalisera samarbeidskulturen i popen, meiner Damon Albarn.
Svart caps, dongerijakke, briller, halskjede – Damon Albarn fyller 55 i neste månad, men ser bestemt ungdommeleg ut, i ei blanding av try-hard -klesstil og det faktum at han rett og slett held seg veldig godt. Over Zoom-linje frå London verkar han fyrst å kjeda seg, men kviknar til etter kvart. Og for all del: Gorillaz har hatt for vane å gjera fleire intervju in character – som animerte karakterar – så det er fyrst og fremst ein letnad at Albarn er seg sjølv.