Sandra Cailyn Skjeldal har fått nok av at fritida hennar blir mindre verdsett enn fritida til kollegaer med barn, fortel ho til NRK. Ho syns det er slitsamt å måtte jobbe på 17. mai medan kollegaer med barn skal ha fri, og bli sittande igjen åleine på jobb fordi småbarnsforeldra må hente i barnehagen. «Sjølv om småbarnslivet krev mykje tid, mange plikter og ein stor dose kjærleik, betyr ikkje det at eg utan barn vil legge meir tid til jobb og kompensere for kollegaene mine sitt fråvær», skriv ho i eit innlegg på Linkedin.
Takk!
Dagboka