Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det kommersielle selskapet Humana i Sverige blir skulda for skattejuks. SV er redd for at selskapet kan ha gjort det same i Noreg.

Bergstø fryktar svenske tilstandar

UROA: Kirsti Bergstø i SV blir bekymra av å lese om skuldingane mot Humana i Sverige. Foto: Line Ørnes Søndergaard

I Sverige har selskapet Humana mista retten til å drive med heimetenester, mellom anna fordi dei blir skulda for å ha teke i mot meir offentleg støtte enn dei eigentleg skulle. No er dei pålagt å betale attende 100 millionar svenske kroner.