Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Boka «Everything I Need I Get from You» løftar dei utskjelte fangirlsa opp og fram i eit heilt anna lys.

Full av fanskap

FANGIRLS: Ein ukritisk del av popkulturen, eller sin eigen motkultur? Her representert av to Beatles-fans i New York, ­februar 1964. Foto: Keystone/­Getty Images/Hulton ­Archive

Sommaren 2006 klikka det for meg. Eg hadde oppdaga fire dresskledde typar – vel, no var dei alle gamle eller døde, men i musikken, og på bilda, var dei unge – The Beatles. Nøyaktig korleis eg fann låten «Please Mr. Postman» er noko uklart, men han trefte ei nerve i tolv år gamle meg. Hardt. Eg spelte songen i eitt køyr på datahøgtalarane til faren min (sorry, pappa), for deretter å tråla Limewire etter meir, til eg fann samleplata «1» i stova. Den spelte eg utan stopp, heile sommaren. Eg fann bøker, eg fann videoklipp, eg fann nettsider. Eg laga nettsider. Eg var heilt fjetra. Eg var flau, men hadde òg eit djupt behov for å annonsera denne spinnville bakover-i-tid-forelskinga til omverda. Samtidig prøvde eg å ikkje begå sosialt sjølvmord på barneskulen (ein tricky balansegang). Ja, kva skjedde her? Eg var blitt ei fangirl .