Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er lett å oversjå det poetiske djupet i dikta til Marte Huke.

Spegling

Heimen og verda: Marte Huke knytar skrifttematikk til det å vere mor i diktsamlinga «Los». Slik gjer ho språket til noko relasjonelt. Foto: Marthe Amanda Vannebo
Lyrikk

Marte Huke

Los

Lyrikk

Tiden Norsk Forlag 2023, 90 sider

Marte Hukes nye diktsamling handlar, som den førre, om forholdet mellom mor og dotter. Slike mellommenneskelege, familiære relasjonar finn ein mykje av i lyrikken for tida. Det som er spesielt med Hukes versjon, er at der er sett av mykje plass til å reflektera over at den vaksne i dette tilfellet er forfattar. Så i staden for å ta utgangspunkt i dramatiske historier om sjukdom og død i heimen, slik mange gjer, ligg Huke sitt fokus på samspelet eller speglinga mellom barnet og mora-forfattaren sine måtar å vera i verda og i språket på.