Ein vaksen mann hadde etterutdanna seg til helsearbeidar, og stod stolt og glad i fjernsynet og sa at dette kunne menn gjera like godt som kvinner. Minst like godt, hadde han nesten sagt, men tok seg i det, for slikt kan ein ikkje seia utan at det høyrest ut som sjølvskryt. Likevel er det heilt rett at større muskelmasse gjev mannlege sjukepleiarar ein biologisk fordel. Når dette yrket ikkje har same slags opptakskrav som politiet, er det eine og aleine på grunn av forblindande kjønnsstereotypiar.
Eg lytta etter steg uti gangen, ei mannsrøyst blant kvinnestemmer