Vanskapte land
(Island/Danmark, 2022) Regi og manus: Hlynur Pálmason Drama, 2t.22 min., kino
Dansketida på Island er ein lang, men tematisk nær ignorert epoke i islandsk film. Det trass i at innlemminga av Island i Danmark fall saman med den sterkt sentraliserande reformasjonen, og at Island formelt vart ein sjølvstendig republikk først i 1944.