Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Språkdirektøren svarar ikkje på saka

Innlegget mitt i Klassekampen 27. januar er oppfatta som det det var: ein kritikk av ‘norsk språkpolitikk’. Dette var òg overskrifta mi (endra av redaksjonen). Men språkdirektøren (31. februar) omgår saka med grammatikalske forklåringar som ikkje gjer «de som» meir rett. Feilen har teke heilt overhand. Folk som ikkje tenkjer grammatikk, trur dette er korrekt. Eg bruka dét som eit døme på språkpolitikken. I nynorsken har Språkrådet elles gjort fleirtalsendinga for hankjønnsord gjeldande for alle hankjønnsord, so no har vennar, sauar og søknadar vorte normrett nynorsk.