Idioten
Kilden Teater Av: Fjodor Dostojevskij Omsetjing: Geir Kjetsaa Dramatisering og regi: Ole Johan Skjelbred Scenografi: Ole Johan Skjelbred og Ane Ledang Aasheim Kostyme: Ane Ledang Aasheim Med: Fredrik Høstaker m.fl.
Fjodor Dostojevskijs romankoloss «Idioten», opphaveleg ein føljetong frå 1868 til 69, er eit djupt eksistensielt og filosofisk verk som handlar om den unge fyrst Mysjkin. Etter fleire års opphald i Sveits for å bli kurert for epilepsi kjem han heim til St. Petersburg. Mysjkin er ikkje heilt av denne verda. Han er eit gjennomgåande godt menneske, naiv, ærleg, empatisk, ein som tek alt i beste meining og som er heilt ukjend med slikt som skjulte agendaer og intrigar.