Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Ap-ordførar Stian Olafsen gir streikeplanane i industrien full støtte. Han trur dei høge straumprisane blir ei stor sak på Ap-landsmøtet.
Støttar kraftslag i Ap
KraftAnne Kari Hinna, Bergen og Aleksander Åsnes, Oslo
Stian Olafsen (Ap) er ordførar i Vestre Toten i Innlandet, der tettstaden Raufoss ligg. Nyleg varsla Fellesforbundet i Vestre Toten at dei seinare i vår vil gå ut i ein politisk streik mot dei høge straumprisane og manglande handlekraft frå regjeringa.